Bærum Mållag - nynorsk i bokmålsbygda

Årsmelding 2012

Styremedlemer i Bærum Mållag 2012 (i alfabetisk rekkefølgje)

Hilde Rognlien Johansen (attval: 2012–2014)
Margit Løyland (ikkje på val: 2011–2013)
Hanne Havåg Ranestad (ny: 2012–2014)
Halvor Tjønn (ny 2012-2014)
Inger Vederhus (ny: 2012–2014, med permisjon pga utanlandsopphald deler av
2013)

Varafolk: Inger Gjerpe, attval 2012–2014
Asgeir Bø (ikkje på val: 2011–2013)
Astrid Ramnefjell (ikkje på val: 2011–2013)
Helen Frøyseth (ny: 2012–2014)
Revisor: John Sundsby
Valnemnd: Marit Hovdenak, supplert med Øystein Tormodsgard

Styret har vore leia av ein leiartrio; Hilde Rognlien Johansen, Hanne Havåg
Ranestad og Inger Vederhus. Margit Løyland har vore kasserar.

Medlemstal: Det var 70 betalande medlemer i laget i 2012, ein auke på 20 frå
året før.

Generelt om arbeidet:
 Målet for arbeidet i Bærum Mållag er å halda ved
like og styrkje stillinga til nynorsken i Bærum. Dette er ein del av eit allment
langsiktig kulturarbeid som vektlegg språk og identitet. I samband med
hundreårsjubileet i 2012 var det eit ønskje å skapa blest om mållaget og
nynorsken i Bærum.

Årsmøte 2012 og hundreårsfeiring vart halde på stiftingsdagen 7. mars i Stabekk
kulturhus, ein tradisjonsrik stad for Bærum Mållag. Før sjølve hundreårsjubileet
vart det halde årsmøte med val.

60 gjester møtte til feiringa av Bærum Mållag sitt 100-årsjubileum. Jubileet
hadde eit variert program. Åsmund Svendsen heldt foredrag om Koht i
Bærum, og Koht sitt barnebarn, Torild Skard, kommenterte. Jubileumsheftet
Bærum Mållag 100 år, med forside av Halfdan Ljøsne, vart delt ut til alle
festdeltakarane. Arne Hjeltnes kåserte om nynorsk som merkevarebygging,
Bærumskoret Valborg song, og Audgunn Oltedal heldt appell til nynorsk-brukarane i bokmålsland. Det vart servert mat frå Emmas kjøkken og kaker frå styremedlemene, og det kom helsingstalar til jubilanten frå Vikværingen ved Håvard Tangen, frå Noregs Mållag ved Håvard B. Øvregård, og frå Asker Mållag ved Jan Vevatne. Det var utlodding av bøker frå Samlaget og T-skjorter frå Dag og Tid.

Styremøte i 2012: 
Det var 5 styremøte i perioden (15. mai og 13. september på
Kaffistove I Oslo, og 24. oktober, 14. januar og 18. februar hjå Inger Gjerpe
på Rykkinn.) I tillegg vart det halde to planleggingsmøte for deltakinga på
Sandvika byfest.

Byfest:
Laurdag 25. august var vi med på Sandvika byfest for sjuande gong.
Audgunn Oltedal opna bua, og programmet omfatta m.a. Inger Vederhus
i samtale om born og lesing, med lærar Cecilie Haugen og student Dag G.
Sørheim. Arne Torp gjorde dialektsjekk, og Inger Bondi Johannessen snakka om
bærumsdialekta. Kildesortering (foreslått av Inger Gjerpe) vart kåra til bærums-
ordet.

Den europeiske språkdagen:
Grunna sjukdom let det seg ikkje gjera for Bærum
Mållag å markere den europeiske språkdagen 26. september i 2012, men styret
jobba vidare med idear for eit opplegg i 2013.

Nettsidene: Det er oppretta ei ny nettside, baerummaallag.com. Den gamle nettsida, baerum.nynorsk.no,
inneheld stoff om Bærum Mållag fram til 2012.

Økonomi:
Laget har betre økonomi enn på fleire år og har omlag 19 000 kr. disponible pr.
31. desember 2012. Økonomien i jubileumsåret var god på grunn av romslege
gåver frå Vikværingen og Noregs Mållag, og fordi Bærum kommune løyvde
pengane vi trong til trykking av jubileumsheftet. Lokal kontingent for 2012 var
kr 100. Revidert rekneskap blir lagd fram på årsmøtet.

Utsendingar:
Margit Løyland var laget sin utsending til årsmøtet i Noregs Mållag i Oslo.
Margit Løyland og Inger Gjerpe var laget sine utsendingar på årsmøtet i
Fylkesmållaget Vikværingen i mars.
Inger Gjerpe deltok på Asker Mållag sin bokfest i november, og Inger Vederhus
deltok på Vikværingen si haustsamling.
Inger Gjerpe og Inger Vederhus var med på innviingsfesten av Noregs Mållag
sine nye lokalar i Oslo.