Halvdan Koht - stiftar av Bærum Mållag

Målmannen og historikaren

Halvdan Koht (1873-1965) var ein norsk historikar og utanriksminister i Johan Nygaardsvolds Arbeiderparti-regjering. Saman med andre nynorsk-folk stifta han Bærum Mållag i 1912. 

Frå 1935 til 1941 var Koht utanriksminister. Etter andre verdskrigen var han klaga for nøytralitetspolitikken i mellomkrigstida, men det var utanriksminister Koht som avviste det tyske ultimatumet i 1940 og det var han som utforma kong Haakon si erklæring til folket, der han sa nei til tyskarane .

Koht skreiv som historikar i første rekkje om norsk historie, om personar, politikk og sosiale forhold. Historieskrivinga hans var prega både av ein historisk materialisme der han la stor vekt på rolla til klassekampen og eit organisk historiesyn i tradisjonen etter Ernst Sars der nye samfunnsformer vart forstått i ljos av tidlegare samfunnsformer.

Halvdan Koht var ihuga målmann og leiar i Noregs Mållag frå januar 1921 til januar 1925. Han var gift med Karen Grude Koth. Halvdan Koht sitt sosiale målsyn kjem klart fram i rettskrivingsreforma av 1938, der bokmålet vart kraftig fornorska, og nynorsken vart opnare for nord- og austnorske målføre. Målet for Koht var samnorsk. Han var såleis nestleiar i organisasjonen Østlandsk reising (skipa 1916)