Årsmøtet i Bærum Mållag 2013

Årsmøtet i Bærum Mållag vart halde på Bekkestua bibliotek 7. mars 2013. Det var 36

frammøtte. Frå styret møtte Hilde Rognlien Johansen, Margit Løyland, Hanne Ranestad og

Halvor Tjønn, og varafolka Inger Gjerpe og Astrid Ramnefjell.

 Føre årsmøtet var det årsfest med Margit Løyland som konferansier og følgjande program:

Allsong. Millom Bakkar og Berg

Foredrag v/ professor emeritus Gudleiv Bø om Nasjonsbyggaren og lyrikaren Ivar

Aasen

Lektor Birgit Hovet Horpestad song og fortalde om stev frå Setesdal

Pause med kaker, te og kaffi, og utlodding av bøker. Det kom inn 1750 kr

Kvifor lære nynorsk i Bærum. PP-framsyning ved journalist og forfattar Halvor Tjønn

Kåseri av Audgunn Oltedal om boka «Formødrenes stemmer»

Årsmøte:

1. Innkallinga vart godkjend

2. Otto Gjerpe vart vald til ordstyrar, Hilde Rognlien Johansen til skrivar og Marit

Hovdenak og Knut Sprauten til å underteikne protokollen.

3. Rekneskapen vart utdelt på møtet. Han var signert av kasserar Margit Løyland og

godkjend av revisor John Sundsby. Margit Løyland gjekk gjennom rekneskapen, og

han vart godkjend.

4. Årsmeldinga var send ut elektronisk på førehand, og vart i tillegg delt ut på møtet.

Meldinga vart gjennomgått av Otto Gjerpe og vart godkjend.

 

5. Budsjettet var ein kolonne i rekneskapen og reflekterte arbeidsplanen;

årsmøte/årsfest

deltaking på landsmøtet til Noregs Mållag, mogeleg å sende to utsendingar

(no som vi er fleire enn 50 medlemer)

deltaking på Sandvika byfest siste laurdag i august

arrangement i samband med Aasen-stafetten i september (i tilknyting til den

europeiske språkdagen)

6. Val av nytt styre, varafolk og revisor

Marit Hovdenak la fram innstillinga frå valnemnda. Berre ein styremedlem,

kasserar Margit Løyland, var på val. Ho ynskte avløysing, og Øystein Tormodsgard

hadde sagt seg viljug til å veljast. Han vart vald for 2013-2015 med akklamasjon.

Alle fire varafolk vart attvalde, for eitt år. John Sundsby vart attvald som revisor,

for eitt år.

Styret vil konstituere seg seinare og informere om arbeidsdelinga i leiartrioen.

Marit Hovdenak ynskte avløysing som leiar av valnemnda. Margit Løyland sa

seg viljug til å tre inn som ny leiar av valnemnda, dersom ho får fleire med seg i

arbeidet. Ho kan sjølv kome med framlegg på medlemer til nemnda.

7. Val av utsendingar til fylkesårsmøtet (Vikværingen)

perioden.

8. Val av utsendingar til landsmøtet blir avgjort seinare i perioden.

Margit Løyland vart takka med blomar for stor innsats i styret i ei årrekkje.

Møtet vart avslutta med allsong, Gamle Grendi