Gudleiv Bø om Ivar Aasen

Ivar Aasen. Nasjonsbyggar og diktar

Av Gudleiv Bø

(Kåseri i Bærums mållag 07.03.13.)

 

 

Ivar Aasen og ideane om nasjonalstatar.

 

200-års-jubilanten vår vart altså fødd i 1813, året før 1814, då Noreg fekk mykje meir sjølvstende enn det hadde hatt før. Dette førte til at han voks opp i ein generasjon då svært mange intellektuelle gjekk og kjende på ei ny form for nasjonal nyfikne. Kva var særpreget til nasjonen? Dette var ikkje eineståande for Noreg. For i lpet av perioden mellom den franske revolusjonen i 1789 og fredsslutninga etter første verdskrigen i 1918 endra Europa karakter. Og eg vil nytte litt av tida mi på den europeiske konteksten som Noreg stod i på 1800-talet, og som kan forklare noe av bakgrunnen for det arbeidet som Ivar Aasen utførte. Eg vil altså først plassere han i den politiske idehistoria.

I løpet aav det litt forlenga 1800-talet – frå 1789 til 1918 – utvikla Europa seg til eit kontinent av nasjonalstatar. Tidlegare hadde det ikkje vore noe poeng at nasjonane – eller folkegruppene – skulle ha sin eigen stat. Statar var blitt danna av fyrstedynasti, og nasjonane hørte til denne eller hin stat avhengig av kor heldige fyrstedynastia var i krig, giftarmål, arv el. lkn. Det spelte lita rolle kva nasjonar eller folkegrupper som blei omslutta av desse statsgrensene.  T. d.: Kongen i København rådde fram til 1814 ikkje bare over Danmark, men også over Noreg, Island, Grønland osv. – altså over ein fleirnasjonal stat. Og kongen i England rådde over Skottland, Wales og Irland, den tyske keisaren over ein hærskare av mindre fyrstedømme …, den russiske tsaren over … osv. osv.

Men frå slutten av 1700-talet var den tanken kommen opp at kvar nasjon – eller folkegruppe – burde ha sin eigen stat, altså slik at grensene mellom statar følgte grensene mellom nasjonar. Ein viktig grunn til dette var at det var i denne samme perioden at folket greip makta over øvrigheita. Tidlegare hadde makta lege hjå fyrsten. Derfor kom ideen om nasjonalstaten no på 1800-talet til å representere demokrati, framsteg, modernitet, fridom og rettferd. I motsetnad til dei fleirkulturelle einevaldsstatane, som i alle fall i politisk forstand representerte reaksjon og undertrykking.

Men når grunnlaget for demokratiet var nasjonane, blei det viktig å kartlegge det kulturelle særpreget til nasjonane. For ei vanleg oppfatning var at det var skilnadene mellom folka som var grunnen til at dei burde ha kvar sin stat. Derfor sette dei lærde i gang med å kartlegge kulturhistoria i dei ulike nasjonane: musikk, litteratur, folkedikting, bildekunst, byggekunst osb., og ikkje minst språk og språkhistorie – i det heile tatt: den nasjonale kulturarven. Og derfor er dette fag som oppsto nettopp på 1800-talet. Når det galdt den nye norske nasjonalstaten, blei det då eit rimeleg spørsmål om vi kunne påstå at vi var ein eigen nasjon så lenge vi delte språk med dei gamle undertrykkarane.

Her meinte Ivar Aasen at vi burde lage vårt eige – nye – norske skriftspråk – ikkje ved å justere det danske, men ved å bygge på dei dialektane som blei talte i Noreg. Han meinte at desse dialektane utgjorde variantar av eit særnorsk språk – og at dei ikkje var variantar av dansk. Dét var ikkje utan vidare opplagt. For i mellomalderen var alle dei skandinaviske språka blitt omtalte som donsk tunga; dei låg då også mykje nærmare kvarandre den gongen enn i dag. Og strengt tatt er skiljet mellom dialektar og språk nokså flytande; kynikarane seier at ”eit språk er ein dialekt med hær og flåte” – eller altså: ein dialekt blir oppfatta som eit språk når den får offisiell status som språknorm i ei statsdanning.

Nåvel, Ivar Aasens språk-idé skilde seg prinsipielt frå dei fleste andre europeiske skriftspråka på eitt særskilt punkt. Det normale var at skriftspråket i dei ulike landa bygde på talemålet til aristokratane i hovudstaden – slik dette talemålet var i tida omkring reformasjonen. Skriftspråket i Noreg og Danmark bygde altså på talemålet til aristokratane i København i reformasjonshundreåret. For då blei bibelen omsett til dansk, og språknorma i aristokratiet i København blei styrande for bibelspråket, – som så i sin tur blei norm for dansk skriftspråk alltid sidan. Noe liknande var det også i dei andre europeiske landa. Men Aasen såg på det som meir rettferdig og politisk rettare at skriftspråket skulle vere ein samnemnar for alle norske dialektar i samtida. Då ville folk frå ulike distrikt ha noenlunde like lett eller like vanskeleg for å tileigne seg skriftspråket.

Nå var han likevel ikkje konsekvent i dette prinsippet. For Aasen favoriserte dei dialektane som likna mest på gammalnorsk; dei dialektane ville best vise det historiske sambandet attover mot norrønt, og til den tida i mellomalderen då Noreg hadde vore ein sjølvstendig stat med ein sterk nasjonalkultur. Derfor kom det skriftspråket Aasen konstruerte, til å bygge meir på målføra på Vestlandet og i fjellbygdene i Sør-Norge enn på Østlandsmål og talemålet i byane.

 

Ivar Aasen i idé-historia

 

Så langt har eg tala om kvar Aasen står i den politiske idéhistoria i Europa – serleg når det galdt ideane om nasjonalstatar. Men no skal eg gå over til å vurdere standpunkta hans i høve til den meir allmennkulturelle idehistoria. Som utganspunkt vil eg då hevde at han på eitt einaste punkt delte oppfatning med jamnaldringane sine – i romantikken – altså midt på 1800-talet – medan han på alle andre område var på line med generasjonane før og etter hans eigen – altså dels opplysningstida på 1700-talet og dels realismen i siste del av 1800-talet. For å drøfte dette nærare vil eg skilje mellom natursynet og historiesynet hans.

Når det galdt natursynet, må vi karakterisere Aasen som realist og orientert mot det dennesidige – i motsetnad til romantikarane, som var orientert mot det metafysiske; dei fleste romantikarar føresette at det finst ein andeleg røyndom bak den fysiske. I Wergeland sitt dikt ”Til en Gran” skimtar diktaren liksom attom grana i skogen ein ”idé” for alle grantre, som kyrkjebyggarane hadde øygna konturane av når dei bygde dei store katedralane. Og Jørgen Moe synest også å sjå ein andeleg røyndom attom den store eika på prestegarden hans i diktet ”Den gamle mester”. Noe sånt merkar vi aldri hos Aasen. Når han diktar om naturen, så kan det nok inspirere han til å reflektere om livet meir generelt; men det er aldri slik at naturen løyner ei slags andeleg bakside – ein andeleg dimensjon, som er røynleg, men metafysisk og derfor ikkje sansbar.

Men når det gjeld synet på historia og samfunnet, var Aasen på eitt punkt i slekt med romantikarane. For han hadde arva frå den tyske romantikaren Johann Gottfried Herder at dét som skulle binde dei nye nasjonalstatane saman, var den sams kulturarven; der var språket noe av det viktigaste, men i tilleg  kom religion og kulturhistoria elles. Men det fanst også eit anna kraftsenter for dei nye ideane om nasjonalstatar, og dét var dei franske opplysningsfilosofane; for dei var den demokratiske interessefellesskapen viktigare enn sams kulturhistorie; det var derfor dei inkluderte ulike språksamfunn i den franske nasjonalstaten – folka i Bretagne, Provence, Langued’Oc osv., på det vilkåret at dei ville stø opp om demokratiet. Eller sagt på ein annan måte – romantikarane såg attover mot den sams  kulturhistoria for å identifisere fellesskapen sin – opplysningsfilosofane såg frametter mot interessefellesskapen i demokratiet.

For Aasen peikte språksaka både baketter og frametter. Språket hans skulle både etablere ein kulturhistorisk samanheng attover til mellomalderen, og samtidig tjene som ein reidskap for aktiv deltaking i demokratiet i samtida og framtida for folk flest. Og norsk nasjonalkjensle har då òg utvikla seg slik som m. a. Wergeland og Aasen staka ho opp. Det som bind nasjonen vår saman, er både samling om dei demokratiske spelereglane – jfr. at 17.-mai-feiringa vår handlar om konstitusjonen, – men når vi samlar oss til høgtid – ikkje minst på 17. mai –, så hentar vi gjerne fram noen kulturelle identitetsmarkørar – som bunaden, folkemusikken – eller kulturarven i breidare forstand.

Her var altså Aasen både romantikar og opplysningsmann. Men på eit anna felt er han gjennomført opplysningsmann og realist. Han hadde nemleg eit vake auge for politiske realitetar. Vi kunne kanskje karakterisere han som ein tidleg sosiolog. For han hadde ei sjeldan evne til å overskode samfunnet i breidde-perspektiv – altså dei store og overgripande samfunnskreftene. Derfor får også språkprosjektet hans eit politisk og sosiologisk perspektiv: For tanken med det var å forløyse evna til å lese og skrive hjå folk flest, og det ville bli så mykje lettare dersom skriftspråket låg så nære som mogeleg opp til talemålet. Og når også dei veikaste samfunnsklassene kan lese og skrive, blir dei betre i stand til å stri for interessene sine. – Mens Aasen altså tenkte politisk og sosiologisk, var romantikarane snarare psykologar – med ein fin teft for sjelelege nyansar og det irrasjonelle i einskildmennesket; m. a. interesserte mange av dei seg for folkedikting fordi dei meinte at den kunne fortelje oss noe om det undermedvetne sjelelivet til nordmennene.

Eg skal no gi dykk noen konkrete døme på korleis han pendlar mellom det nasjonale og det sosiologiske. I boka Heimsyn frå 1875 skriv han:

Det heve ikkje alltid gjenget so fagert til, at Folket i eit Land kunde slaa seg saman og velja seg Hovding og Regjering etter sin eigen Hug; helder heve det ofta voret so, at ein djerv og megtug Hovding heve lagt Landet under seg med Hermagt, og ofta heve det endaa voret ein framand Hovding, som heve trengt seg inn i Landet og gjort sine eigne Fylgjesveinar til Herrar yver Landsfolket. (Aasen 1912, b. II:283.)

Dette gjør sjølvsagt at folk drøymer om fridom. Men Aasen ser klårt at fridom er ulike ting på ulike nivå. Statar som er sjølvstendige, kan kalle seg frie, og prise fridomen, men dei treng likevel ikkje gje folket sitt fridom. I sine etterlatne ”Talar fyre tomme stolar”, skriv han:

Men det vilde ogso vera godt um Fridomen kom til at trengja igjenom til alla Greiner av Landslyden, alle Stand og Lag (…) Det vil lettlege syna seg, at det kann vera lika so stor Tvang og Trældom i eit Land, som læst vera fritt, som i eit som heiter ufritt. Det kjem alt ut paa Tenkjemaaten hjaa deim, som hava nokot Vald i Landet. Ero dei uppfostrade til at vanvyrda Landsens Aalmuge, so dei berre vyrda seg sjølve som Landsens Herrar og Aalmugen som ingen ting, so kunna dei lett faa laga til ein dugande Trældom, til Traass fyre all Tale um Fridom. (…) (N. v. 197 ff.)

Men fordi han er språkmann, ser han også klårt at undertrykking ikkje bare råkar dei juridiske og økonomiske vilkåra til folk, men også kulturen deira. For inntrengjarane har ein tendens til å forakte kulturarven til ofra sine ”som Svinaferd og Villmannskap”; derfor nektar dei å ”samtrivast med Landsens Folk, fyrr en dei fingo tukta det upp i sine eigne Seder og sit eiget Maal”. (Sst.)

Ein annan stad skriv han:

Det har alltid smertet mig bittert, naar jeg hørte vort Almuesprog krænkes og belees, enten af velklædt Uvidenhed, eller af en rigtignok velmeent Renselses-Iver.

Dette at dei undertrykkande inntrengarane krev å få definere kva som er verdfullt, og ”berre vurderer seg sjølve som Landsens Herrar og Aalmugen som ingen ting”, får også følger for folks forestillinger om ”dannelse”. Aasen var ein av dei første til å hevde at ”dannelse” ikkje var det samme som språket og etiketten til den dansk-norske overklassa. Tvert imot! I ein artikkel han kalla ”Om Dannelsen og Norskheden” frå 1857 skriv han:

”(…) man kan endog i de fattigste Bygder finde folk, som ere omhyggeligt oplærde ei alene til en sømmelig og tækkelig Fremfærd, men ogsaa til en vis Fiinhed og Artighed i Omgang efter den Skik, som er brugelig paa Stedet. (…Derfor er …) Dannelse (…) muligt (…) i enhver Stand og Næringsvei i Bygderne saavelsom i Byerne, i smaa Huse saavelsom i de store. (Aasen b. III:71.)

Dannelse er noe individuelt, mao.,  ikkje ein spesialitet for visse samfunnsklasser.

 

 

Ivar Aasen som lyrikar

Då har vi sett litt på korleis Aasen tenkte som språkreformator og som sosiolog og nasjonsbyggar. Men han var også med på å bygge norsk kultur på ein heilt annan måte – nemleg ved å demonstrere at språket hans kunne vere vakkert og uttrykksfullt, så vakkert og uttrykksfullt at det kunne leve i dikt, … og det til og med i dikt som har halde fram med å leve etter han heilt til vår tid. Og ettersom vi no har vore opptatte av Aasen som nasjonsbyggar, skal eg byrje med å sjå på fedrelandssongane hans.  

Aasen gav ut ei tynn lita diktsamling i 1863; ho har altså 150-års-jubileum i år. Han kalla ho for Symra – ein boktittel som sikkert skal varsle vår og vokster for kulturprogrammet hans. I tillegg gav han ut ein del dikt og songar i aviser og tidsskrift. Dessutan gav han ut eit skodespel, som han kalla Ervingen, og som blei sett opp mange gonger i samtida og i generasjonane frametter. Den litterære forfatterskapen hans er altså liten, men til gjengjeld er det svært mange som er glade i han. Ein viktig grunn til dét er nok at tekstane hans er så einfelte og forståelege, og likevel så poetiske.

Aller først noen ord om ”Millom Bakkar og Berg”. Eit karakteristisk drag ved mange av dikta til Aasen er at han kan verke litt blyg – han vil så nødig trenge seg på – han gjør seg sjølv nærast usynleg. Vinje seier t. d.: No ser eg slike fjell og dalar …, eller enno ein gong fekk eg vetren å sjå … Diktet handlar om diktaren! Og med Elias Blix syng vi: Å eg minnest, å eg minnest, å eg minnest så vel … Eller vi undrar oss med Obstfelder: Jeg ser, jeg ser, her er så underlig. Men hos Aasen er det svært ofte ikkje noe ”eg” – heller ikkje noe ”vi”, slik vi kanskje kunne ha venta oss i ein nasjonalsong, jfr. ”Ja, vi elsker”. I staden blir vi altså presenterte for denne ”nordmannen” – ”han”, som ”såg ut” på den barske, norske naturen, og så bare sette i gang. Vi må sjølve tenkje oss til at både ”eg” – diktaren Ivar Aasen – og ”vi” – alle norske kvinner og menn – er inkluderte i det kollektivet som denne ”nordmannen” er representant for.

Dessutan kan det vere grunn til å merke seg at i den verda der denne ”nordmannen” lever, hører vi bare om ei samfunnsklasse; her er det ingen prest og fut, ingen konge, inga over- og underordning; overklassa synest i alle fall ikkje, ho gjør ikkje noe av seg, ho må vere uvesentleg. Det er det egalitære Norge Aasen hyllar.

Vidare hører vi ingen ting om historiske stor-dådar, slik som i ”Ja, vi elsker” av Bjørnson. Der handlar det om kongane som samla riket og kristna det: ”Dette landet Harald berget (…) dette landet Håkon verget (…)”, og om store heltar som stod imot fiendane våre ”(…) Bønder sine økser brynte” osv.  Men hjå Aasen handlar det bare om alle dei anonyme sliltarane som bygde landet – gjennom jamt og trutt og udramatisk arbeid. Og det handlar om kjærleik til landskapet – og om gleda over å vere sjølvstendig og fri.

Dessutan gir denne teksten hovudpersonen sin noen karakteristiske eigenskapar – indidrekte; det blir ikkje bokstavert ut, vi lærer bare å kjenne karaktertypen hans ved måten han handlar på. Og då ser vi at denne karen ikkje akkurat flaggar med kjenslene sine. Han arbeider, han bygger, han fiskar, han ryddar ny jord, er flittig og modig. Men han er ein fåmælt type. Han seier ingen ting. Likevel veit han kva kjensler er: For når det blir vår, då lengtar han, då fekk han ”hug til si heimlege strand”. Og denne kjensla blir bygd opp i intensitet ved oppatt-takingane i teksten nett der: Men naar … Og naar … osv.

På innholdsplanet blir dette diktet altså ei kjærleikserklæring både til den norske naturen, og ein indirekte karakteristikk av den mennesketypen som trivst der og er glad i den livsforma denne naturen kan by på.

Så litt om det poetiske: Dette diktet teiknar eit veldig tydeleg bilde for vårt indre auge; det er noe konkret og livaktig her, noe sett – med nye synsinntrykk for kvar strofe. I tillegg til det kjenslelivet, som ligg under, og aukar i intensitet mot slutten. Det heile bygger seg opp til noe som vi kan kjenne att. Songen grip fatt i eit eller anna i våre eigne røynsler, som vi opplever at det er godt å kjenne på, og gjør dette synleg for oss i levande og presise bilde.

Men denne poesien gir oss ikkje bare livaktige naturbilde, men også eit vedkjømeleg språk med fulltonande velklang. Ja, her er det noe nesten paradoksalt med dikta til Aasen. For jamvel om dette blir opplevd som poesi, så følgjer språket heile vegen vanleg norsk setningsbygging. Aasen snur ikkje rundt på orda i setninga for å få det til å rime og passe med rytmen – slik f. eks. Wergeland og mange andre lyrikarar gjør: (”Ned med Seilet! Ind fra Havet! / Ind hvor under Sæd begravet, / drømmer stille Eivindvig!” [ … inn der Eivindvik drøymer stille, begravd under … ] Setningane til Aasen har endefram norsk ordstilling heile vegen, og dei er gjerne stutte, oftast hovudsetningar. Mest alltid har dei samme ordfølge som talemålet. Altså maktar Aasen å skape vakker poesi gjennom ein munnleg stil – ein stil som ligg svært langt frå dansk skriftspråkstradisjon på 1860-talet. Og denne munnlege stilen klarar han likevel å sameine med dei tradisjonelle krava til rim og rytme.

Rima og rytmen skapar liksom eit  system av ekko-verknader ut igjennom heile diktet. Men Aasen driv dette lenger enn dei fleste: Han nøyer seg ikkje med å nytte enderim, men svært ofte også bokstavrim – dette at fleire ord byrjar med samme bokstav; serleg verknadsfullt er dette med ord som har tungt trykk i setninga: Bakkar, Berg; Havet, Heim; steinutte Strender; leggja, leikade, Leiken; Vetter, var, varmare, Vaarsol; Bakkane, blenkte; Hug, heimlege; Liderna, laver.

Velklang blir også skapt når den trykktunge vokalen i eitt ord er den samme i eit anna ord i nærleiken: Bakkar … Havet; Tufterna … Hus; rydja … byggja; saag … paa … baarutte. Dette blir ofte kalla for assonnans.

Endå eit grep som han nyttar for å skape ekko-verknader, er at han let heile grupper av ord liksom ”herme” kvarandre: Der han sjølv …, Og sett sjølv … (1); Han saag ut …, Han saag ut … (2 og 3); Men naar Vaarsol …, Og naar Liderna …, Naar det laver …, Og naar Næter … (4 og 5).

Sjølv skjønar eg godt at det er nettopp denne songen mange av oss hugsar – og kan klare å synge noen strofer av utanåt. Eg trur han ”treffer” eit bilde av ein slags ”urnorsk” scene, som appellerer til oss både med dette spesielle portrettet av den tagale fiskarbonden og bureisaren – og med den musikaliteten som ligg i språkbruken.

Då skal vi ta føre oss ein av dei andre songane til Aasen som nok også blei oppfatta som ein fedrelandssong, men denne er det ikkje like mange som hugsar i dag. Han kan kanskje kjennast noe tyngre og mindre konkret og livaktig ”synleg”: Men han har eit historisk sus som er veldig sterkt, og som viser seg på mange nivå; dette historiske skriv seg meir frå klangen i diktet, og mindre frå bilderikdommen og naturskildringa i det. Eg tenkjer på ”Gamle Norig, nørdst i Grendom”.

 

Gamle Norig, nørdst i Grendom,

Er vaart eiget Ættarland.

Der er Hav, som heilt aat Endom

Leikar um den lange Strand;

der er Vikar og Votn og Øyar,

Tusund Fjordar og tusund Fjell,

Snøydor, der sjeldan Snjoen tøyar,

Dalar, der Fossen diger fell.

 

Leid er vel den lange Vetter,

endaa grøn vaar Granskog stend,

og naar Lauv i Lidom spretter,

fagre Liter fær vaar Grend.

Store Dagar og stutta Næter

lida lett um den ljose Jord;

Strand og Fjord og Fjell og Sæter

skiner av Sol fraa Sud og Nord.

 

Born av deim, som bygde Landet,

er paa Tuftom endaa til;

Garden stend i gamle Standet,

bygd og bøtt som Bonden vil.

Van til Møda, meir en til Kjæla,

leikar Lyden paa Land og Sjo.

Giv han sitje med Sømd og Sæla

trutt paa Tuftom i Trygd og Ro!

 

De legg merke til at her er det òg regelmessig enderim og regelmessig rytme. Men det eineståande med dette diktet er at det kombinerer moderne enderim med det norrøne versemålet ”fornyrdislag”. I gammalnorske vers var det ikkje enderim, bare bokstavrim – altså slik at trykktunge stavingar begynte på samme konsonant – eller på vokalar; viss det var vokalar, trong det ikkje vere samme vokal; det var nok at det var vokal. Bare sjå på bokstavrima i første strofe: Gamle – Grendom, Norig – nørdst;er– eiget – Ættarland; Hav – heilt; leikar – lange; vikar og votn; Fjordar – Fjell; Snøydor – Snjoen; Fossen – fell. Og slik held det fram gjennom heile diktet.

Og likevel, trass i all den klanglege pynten har han klart å levere ei fin og  meiningsfull skildring av norsk natur og det norske bondesamfunnet – i stutte, klåre setningar med samme setningsbygning som i talemålet. Vi finn kanskje at somme ord er sjeldsynte i dag, men setningane er stutte og oversiktlege. Og når då det norrøne rimmønsteret kjem i tillegg til enderimet og den faste rytmen, blir det både eit råkande uttrykk for sterke haldningar i generasjonen til Aasen – samstundes som det minner oss alle om at Noreg har ein litterær tradisjon som går langt attende i historia, og den tradisjonen skal nå bli gjort levande på nytt.

Dette var altså dei to ”fedrelandssongane”til Aasen. Men no skal vi over på eitt av dei mange dikta der han kombinerer naturdikt og tankedikt. Altså slik at diktet tar til med ei naturskildring eller ein gløtt av eit landskap. Alltid like levande settog like nært og klårt. Men etter kvart som vi les, skjønar vi at det attom naturskildringa løyner seg ein filosofisk tanke. Det første dømet er ”Dei gamle fjell i syningom”.

 

Dei gamle Fjell i syningom

er altid eins at sjaa,

Med same gamle Bryningom

og same Toppom paa.

I Bygdom byggja Sveinarne

og Huset stender laust,

men dei gamle Merkesteinarne

dei standa lika traust.

 

Fjella i synsranda er til å lite på, urokkelege, ei rettesnor i ei omskifteleg verd. Alt anna kan ein endre på: ”I Bygdom byggja Sveinarne”, ”Dei hava snutt um Vollarne/ og flutt og rudt og bygt” - men ”dei gamle Fjelli” bare står og står. Ytre sett er det heile vegen ei presis skildring av fjellet – med sjøen langt der ute – ”med Skip som Fuglar smaa”. Men etter kvart demrar det for oss at dette er blitt eit stort bilde på det urokkelege og stabile som mennesket treng, eit haldepunkt i livet, noen stabile verdiar i ei verd i endring. – Eit flott dikt – av ein blyg diktar som ikkje vil trenge seg på oss med visdommen sin. Han lar oss tenke sjøl. (Igjen er kontrasten stor til AasmundOlavsson Vinje – han seier noe av det samme, og også han seier det i eit flott bilde, men det er i prosa, - og han talar klårtog tydeleg for eiga rekning, han gøymer ikkje bort seg sjølv attom naturbildet. Her kjem Vinje sin versjon: ”Alle store Menn (…) sigla etter sine Ideal liksom Sjømannen etter Himmelens Stjerner. Han når dei ikkje, men finn ved dei fram på si jordiske Vandring”. Ikkje så dårleg sagt det heller!)

Men attende til Ivar Aasen. Typisk nok er det her også veldig flotte klangar. Noe av det mest påfallande er vel at det i annakvar line er dei tre siste stavingane som rimar: syningom, bryningom, sveinane, merkesteinane osb. Det er sjeldan; oftast er det bare ei eller to stavingar som rimar. I tillegg kjem alle dei andreklang-effektane: bokstavrim, assonans og parallelle ordrupper: same gamle .. og same … I bygdom byggja … gamle… standa; til Havet kring um  … til Fjelli kring um; Bakkar blaa; Dei hava snutt … og flutt og rudt; gode gamle; og graset voks … og lauvet kom … og vinden tok … og vatnet tok; lengtad … Land; Saag … stigande … Strand.

Den samme kombinasjonen av naturskildring og refleksjon møter vi i diktet ”Sumarkvelden”. Der gir han først ei eineståande finstemd skildring av ein sommarkveld – med mengdevis av slike presise detaljar som høreer den norske sommarkvelden til.

 

Velkomen atter hit til vaara Grender,

velkomen her, du sæle Sumarkveld,

med Lauv og Gras ut yver alla Strender

og gule Blomar i den grøne Feld,

med lette Smaasky, lagd i langa Render

som Traadar i det høge Himmel-Tjeld

og med den milde Ljosken, som seg breider

 ut yver Fjell og Fjord paa alla leider.   

Her er so ljos ein Let paa alle Grunnar,

 for ljos til Natt og mesta dim til Dag.

Dei stille Votni standa blaa som Brunnar

og Fossar syna seg i kvite Drag.

 …

Her glytter Ljos igjenom tusund Lundar

imillom Lauvet i den tette Lund

 …

Det gustar ingen Vind som Toppen ruggar,

i denne kvildarrike Nattestund.

Den snøgge Fuglen kurer, trøytt av Dagen,

og rosut Fivreld roar seg i Hagen

Den siste Solblenk er i Havet sokken,

den fyrste kjem snart or den låge Grop;

ein Dag er tendra før enn hin er slokken,

og Kveld og Morgon renna heilt i hop

Kom lat oss nøyta Tidi, som ho skrider,

og minnast, at ho skrider ofsa fort.

Med kvar ein Dag, med kvar ein Kveld som lider,

eit Stig mot myrke Vetteren er gjort.

Det kjem ein Dag, daa kvar ein Blom som bider,

er fallen av, og slikt eit Fall er stort.

Di skal eg sjaa paa Blomen, fyrr han blaknar,

og nøyta Sumar’n fyrr eg honom saknar.

 

Her også ser vi at diktet bygger seg opp mot ein meir generell livsvisdom. For bildet av kveld og ny morgon som glid mest over i kvarandre, blir gradvis eit bilde av livet, rett og slett – som tar slutt ved døden, men som likevel heile tida kjem att og att. Lat meg minne om at ein romantikar ville ha lagt inn eit element av mystikk her, om at det finst eit andeleg liv som trassar døden. Men for Aasen, som det fornuftsmennesket og den opplysningsmannen han er, er det livet her på jorda det gjeld å gjøre så rikt som mogeleg – ved å ”sjaa paa Blomen, fyrr han blaknar, / og nøyta Sumar’n fyrr eg honom saknar”. Igjen eit vakkert dikt i eit musikalsk språk – breiddfullt av ”ekko-klangar”for den som tar seg tid til å leite etter dei. Systemet med at dei 6 første verslinene har samme rim heile vegen – før det så skiftar til eit nytt rim i dei siste to linene, blir kalla ”oktav”, og blir halde for ei særleg krevjande strofeform; dette strofemønsteret vart utvikla i den italienske renessansen, og det var nok eit poeng for Aasen å hente inspirasjon beinveges frå europeisk kunsttradisjon – utan å gå vegen om Danmark.

Det som gjør Aasen til ein poetisk banebrytar både i høve til sine samtidige og i høve til forgjengarane, er sjølvsagt først og fremst dette at han maktar å gje poetisk berekraft til eit så talemålsnært språk; nytt er dessutan dei sjeldant levande og presise  sanseinntrykka – særleg synsinntrykka: ”gule blomar i den grøne feld”, eller den ”milde ljosken”, som vi kjenner så godt her i nord; ”dei stille votni … blå som brunnar” – mens ”fossar syna seg i kvite drag”. Det er noen lys- og fargenyansar her som slår oss som overtydande; diktaren er veldig tett på naturen.

Då har vi sett på eit par kombinerte natur- og tankedikt. Så vil eg til slutt dra fram eit par dikt der han røpar litt av kjenslelivet sitt for oss. Det første dømet blir det diktet han har kalla ”Gamle Grendi”. Eg skal ikkje dra fram heile diktet her, bare noen utdrag.

 

Tidt eg minnest ein gamal Gard

med store Tre og Runnar,

Vollar, Bakkar og Berg og Skard

og Blomster paa grøne Grunnar.

Der eg hadde meg so godt eit Rom:

Hus og Mark med baade Bær og Blom,

alt eg nøytte som ein Eigedom

med baade Lut og Lunnar 

(…)

Tett med Stova stod ei Bjørk so breid,

der hadde Skjorene sitt gamle Reid,

Staren song i kvar ein Topp som beid,

og Erlor i Tunet sprungo.

 

Heime var eg so vide kjend

og slapp inn kvar eg vilde,

i kvart Hus i den heile Grend,

om endå Folket kvilde.

Der var Sjenningar i kvar ei Krå,

og når eg ukjende Folk fekk sjå,

spurde eg radt kvar dei var i frå,

og dei var like milde.

 (…)

Ofte minnest eg mi gamle Grend,

når eg framand uti Verdi stend,

heimlaus, frendelaus og lite kjend,

og likar paa Leiken ille.

 

Her trer endeleg Ivar Aasen fram for oss, og syner seg fram som eit ”eg” i diktet. Derfor blir diktet meir personleg og direkte enn dei andre vi har sett på. Her møter vi bondestudenten som har valt å flytte heimanfrå, som bare kan minnas heimstaden, og som vantrivst i den framandgjorde byen. Og i minnet står detaljane fram med eit slåande liv – bær-tuvene og blomsterengene, bjørka, der – tett med stova, med skjærereiret og staren og erlene; det blir så friskt og livaktig sett, så konkret – mest synleg, mest opplevd – også for oss. Og altså i tillegg så mykje velklang – heile batteriet av enderim, bokstavrim og poetiske bilde.

Like personleg og nært er diktet Saknad. Her reflekterer han over at han for å kunne røkte det store kallet sitt har gitt avkall på kjærleik og familieliv. I den siste strofa står det

 

Eg veit so vel, det finst ein Barm

med same Kjensla inne,

med same Hug og same Harm,

og same Von og Minne,

og fann eg den, vardt allting rett,

og Livet skulde skrida lett.

Men det er verst aa Minnast:

Me skulo aldri finnast.

 

Brått handlar lyrikken hans ikkje lenger om å dele alminneleg livsvisdom med oss. Her får vi så vidt ein bitte liten glimt inn i dei aller mest private løyndekrokane i sjela til dette blyge og vise språk-geniet med den store livsoppgåva. Ivar Aasen var og blei ”sveinkall”, som han kalla det, heile livet. Og han kjende sikkert på mykje einsemd. Han hadde absolutt vener, og sjølvsagt var det mange som såg opp til han. I alderdommen var han mykje saman med den unge teologistudenten Anders Vassbotn, han som seinare kom til å dikte ”Å leva det er å elska”. Og Vassbotn har fortalt ein del minne om samveret med Aasen.

I våre dagar snakkar vi studom om ”klassereise” – folk som gjør karriere, har ofte klatra oppover gjennom samfunnsklassene. Aasen hadde alle føresetnader for å gjøre ei slik klassereise. Men han nøyde seg med å forlate sine eigne – utan at han ville slutt seg til ”dei fine”. Som ung hadde han hatt velgjørarar som ville hjelpe han til å studere ved Universitetet, og så kanskje seinare bli professor. Då ville han i større mon ha blitt del i ein sosial fellesskap.  Men han Ivar ville vere trufast mot sin eigen klassebakgrunn. Ein stad skriv han om språkprosjektet sitt at ”Et saadant Arbeide (…) kan kun udføres af en, der er født og opdragen i en bondes Hytte”. Og han meinte dessutan at ”man desmere kunde virke til Almuens Oplysning, jo nærmere man stod den samme.”

Han var heller ingen karismatisk organisasjonsmann som liksom naturleg blei sentrum i krinsen. Di merkelegare er det at ideane hans kunne komme til å samle ei heil folkerørsle om seg.

Landsmålet vart ein del av ei breiare bygdenorsk kulturreising, som og var knytt til reisinga av ein folkeleg daningtradisjon gjennom folkehøgskular og lærarseminar. (Hoel 1998:321.)

Og denne særnorske folkelege lærdomstradisjonen ”er den norske gave til den moderne verden”, ifølgje Rune Slagstad (Slagstad 1998:93.) Slagstad må meine at den norske ”folkelige daningstradisjonen” kom til å skape ein nærleik mellom topp og botn av samfunnet, som gjør at vi som storsamfunn får til å samarbeide på fornuftig vis. Eller for å seie det på ein annan måte: Norske elitar blei av målrørsla pressa til å balansere det norske mot det danske. Om ein ville vere progressiv, måtte ein akseptere båe delar. Kanskje har denne forhistoria disponert oss for å opne opp og kjenne på kulturar – i fleirtal – for kulturmangfald. Kanskje har den nasjonsbyggingsprosessen som Aasen bidro så sterkt til å forme, trent oss i å lytte etter alle røystene i det fleirstemte.

 

Litteratur

Aasen, Ivar: Skrifter i samling. Trykt og utrykt I-III Kria. Og Kbh. 1911-12

Hoel, Oddmund Løkensgard: ”Ivar Aasen som opposisjonell nasjonalist”. I: Sørensen, Øystein (red.): Jakten på det norske. Perspektiver på utviklingen av en norsk nasjonal identitet på 1800-tallet. Oslo 1998.

Slagstad, Rune: De nasjonale strateger