Årsmøte 2014

Årsmøtet 2014

Årsmelding frå styret i Bærum Mållag

 

mars 2013 - mars 2014

 

Ålment: Det har vore eit aktivt år for Bærum Mållag. Med årsfesten i fjor har laget hatt fire opne arrangement og det har vore i alt sju styremøte. Det har vore god tilslutnad om dei  opne arrangementa. Styret har arbeidd godt saman.

 

Laget har no om lag 70 medlemer. Utsending for laget på landsmøtet til NM 2013 var Inger Vederhus.

 

Det er oppfatninga til styret at økonomien er tåleleg bra, men at det heile tida må arbeidast for å sikre ein god økonomi for laget.

 

Laget har fått ei heimeside på nettet: www.baerummaallag.com, som er blitt vitja meir enn 5000 gonger sidan ho blei oppretta våren 2013.

 

Styrearbeidet:

 

På årsfesten 7. mars 2013 blei det valt eit styre med desse medlemene: Hilde R. Johansen, Inger Vederhus, Hanne Ranestad, Øystein Tormodsgard, Halvor Tjønn, Astrid Ramnefjell, Helen Frøyseth, Asgeir Bø og Inger Gjerpe (dei fire siste vara)

 

På det fyrste styremøtet 16. april blei det valt ein leiartrio med Hilde R. Johansen, Hanne Ranestad og Inger Vederhus. Hilde blei utpeika som koordinator. Øystein Tormodsgard blei kasserar. Halvor Tjønn fekk ansvar for vevsida og har ført referata frå styremøta.

 

Opne arrangement:

 

Årsfesten 2013 var på Bekkestua bibliotek og var starten på feiringa av 200-årsdagen til Ivar Aasen. Det var eit godt besøkt møte. Gudleiv Bø heldt eit særs godt foredrag om Ivar Aasen som nasjonsbyggar. Birgit Hovet Horpestad framførte stev frå Setesdal, Audgunn Oltedal snakka om boka ho har vore med på å gje ut om kvinner i den norske historia.

 

Det fyrste opne arrangementet til laget etter årsmøtet i mars var Byfesten i Sandvika 31. august. BM markerte seg med ein eigen stand, det blei selt mållappar, skuleleven Margrethe Skretting Bergset snakka om å skrive stil på nynorsk i bokmållandet, Arne Torp tok dialekttest og snakka om gamalnorsk. Det var kåring av haustens bærumsord. Ola Raftevold heldt appell. Audgunn Oltedal var ein fantastisk konferansier. Arrangementet blei bra gjennomført ved at mange av medlemene av laget møtte fram og tok kvar si tørn ved standen osb.

 

Det neste arrangementet var Aasenstafetten – markeringa av 200-årsdagen til Ivar Aasen 24. september. Nynorskstafetten til Mållaget sentralt kom til Bærum . Det blei arrangert møte om nynorsk på Bekkestua ungdomsskule og Rosenvilde vidaregåande skule. Ingvar Arnøy frå Noregs Mållag underviste om Ivar Aasen båe stader og på Rosenvilde vidaregåande skule vart stafettpinnen overrekt til varaordførar

 

Ole Kristian Udnæs. Den seinare brageprisvinnaren Ruth Lillegraven frå Lommedalen las frå diktsamlingane sine, spesielt frå Urd, til stor fagnad. Om kvelden blei det arrangert eit møte med Edvard Hoem på Bekkestua bibliotek. Møtet var særs vellykka med om lag 100 til stades. Hoem heldt foredraget «Europearen Ivar Aasen. Språkforskar og diktar» med engasjert diskusjon etterpå.

 

28. november kom Åsmund Svendsen til Bekkestua bibliotek og heldt eit foredrag om politikaren, historikaren og målmannen Halvdan Koht, som skipa Bærum Mållag i 1912. Her var det om lag 70 til stades, og det blei også no ein særs engasjert debatt etter foredraget til Svendsen. Møtet ein snau månad før jol var ei fin avrunding av Ivar Aasen-året 2013.

 

Utsikter for framtida:

 

Styret voner at den leiinga som tek over Mållaget på årsfesten i dag vil halde fram med det gode arbeidet og at det gode drivet som laget er inne i, vil halde fram. Røynsler syner at om me byr inn til interessante møte med gode krefter og får god blest om møtet, kjem det bra med folk. Det nye styret bør halde fram med dette. Vidare må økonomien til laget sikrast. Endeleg bør me ta sikte på å få meir enn 100 medlemer i løpet av 2014.

 

Beste helsing

styret i Bærum Mållag