OM OSS

Innmelding

Klikk her:
 http://www.nm.no/innmelding.cfm  
Under ønskt lokallag, vel Bærum

 

Om oss

Språkleg mangfald og språkleg variasjon er ein rikdom som Bærum Mållag vil arbeide for å ta vare på og tryggje. 

Bærum Mållag vil sikre at nynorsk og dialektar har ein naturleg plass i Bærum, at elevane i bærumsskolen får god og motiverande undervisning i nynorsk og dialektar, og at lovene som regulerer skriftspråksbruken i kommunen, blir etterlevde. Det er ein stor fordel for oss at skriftspråket ligg nære talespråket.

 Det å skulle lære eit skriftleg ”sidemål” som liknar ”hovudmålet”, skjerpar den språklege merksemda og gjev ei djupare forståing av kva skriftspråk er.

 Bærum Mållag er opptatt av at norsk ikkje taper bruksområde til engelsk i undervisning, forsking, næringsliv og i underhaldningsindustrien.

 Er du opptatt av desse sakene, så kan kanskje Bærum mållag vere noko for deg. Saman med Bekkestua bibliotek arrangerer vi møte om språk, litteratur og kultur, og alle medlemmer får informasjon om desse møta.

 PS. Du treng ikkje å skrive nynorsk for å vere medlem i mållaget! Og det er plass til både dei som seier eg og ikkje og dei som seier jeg og ikke – og alle andre variantar.

 

Styret

Frå årsmøtet 20.01.02: gamle og nye styremedlemmer og varafolk

Klikk her for fotopresentasjon.

Per Ivar Vaagland, leiar og nettredaktør
Halvor Tjønn, skrivar
Idun Stokka, nestleiar
Astrid Ramnefjell, kasserar
Brit Ragnhild Øydna Fisknes, styremedlem

Varafolk: 
Inger Vederhus
Thomas Mo Willig
Gudleiv Bø
Harald Bache-Wiig
Ingeborg Westerheim

Revisor: 
Øystein Tormodsgard.

Valnemnd (2020-2021): 
Marit Hovdenak og Ola Raftevoll