Årsmelding 2018

Styret i årsmøteperioden:

Halvor Tjønn, styreleiar, skrivar og nettredaktør - til 2020
Idun Stokka (attval 2018), nestleiar
Astrid Ramnefjell, kasserar (2017-2019)
Inger Vederhus, styremedlem (2017-2019), permisjon juni-desember 2018
Per Ivar Vaagland, styremedlem (2017-2019)

Varafolk: 
Gudleiv Bø (attval 2018)
Hilde Rognlien Johansen (ny som vara), styrmedlem under Ingers permisjon
Åse Hermundstad Sanner (ny som vara)
Arne Torp (attval 2018)
Thomas Mo Willig (ny 2018)

Revisor: 
Øystein Tormodsgard.

Valnemnd (2017-2019): 
Margit Løyland og Audgunn Oltedal

Arbeidet til styret
I årsmøteperioden har det vore ni styremøte (inkl. eitt i 2019), dei fleste heime hjå Astrid Ramnefjell, men òg hos Per Ivar Vaagland og hos Halvor Tjønn. Styret har samarbeidd bra og har delt oppgåvene seg imellom. Inger Vederhus reiste til USA i juni 2018 og Hilde Rognlien Johansen gjekk inn som styremedlem til Inger Vederhus kom heim i desember.

Laget har to sider på nettet: baerummaallag.com og ei FB-side der ein kan lesa om møta, aktiviteten i laget osb. Halvor Tjønn er nettansvarleg. Vidare er det laga ein brosjyre som presenterer laget.

Landsmøte 2018 og årsmøte i Vikværingen
I april 2018 var det landsmøte i Vinje i Telemark. Bærum Mållag var representert med Halvor Tjønn og Per Ivar Vågland. Inger Vederhus deltok òg på landsmøtet, som medlem av landsstyret, men tok ikkje attval der. I tillegg deltok Hilde Rognlien Johansen frå Bærum Mållag, som vara utan stemmerett.

Fråsegn til landsmøtet om norsk språkpolitikk 
I tida før landsmøtet i Vinje i april 2018 hadde Bærum Mållag gjennom to medlemsmøte og mange meiningsutvekslingar på e-post utforma ei fråsegn om framtida til det norske språket i Noreg. Fråsegna handla om korleis me skal sikra at norsk fortsatt blir det dominerande språket i Noreg, i ei tid der engelsk vinn fram meir og meir som kommunikasjons- og undervisningsspråk i skule, akademia, næringsliv, i ungdomskulturen osb., og korleis norskopplæringa i den offentlege skulen måtte styrkast på alle plan, for å halda oppe norsk som undervisningsspråk på høgskular, universitet og akademia. Etter omlag eitt års arbeid med dette fremma me eit forslag for landsmøtet i god tid før fristen gjekk ut. Då fråsegna skulle opp på landsmøtet, viste det seg at Studentmållaget i Bergen hadde kome med ei anna fråsegn, som ikkje dukka opp før ordskiftet tok til. Framlegget til Studentmållaget handla om norsk i akademia, og det blei sett opp mot vårt framlegg. Landsmøteutsendingane frå Bærum Mållag var i sterk tvil om korleis ein skulle handtera dette. Det enda med at framlegget vårt blei innarbeidd i framlegget frå Studentmållaget. Slik kom det til å handla om stoda for norsk språk i akademia, ikkje generelt stoda for norsk språk i Noreg. Me er lite nøgde med dette.

Bærum Mållag meiner at denne saka bør stå høgt på dagsordenen for Noregs Mållag også dei neste åra, og laget vil fremma forslag om dette både lokalt i Bærum og internt i Noregs Mållag.

Bærum Mållag deltok òg på årsmøtet i Vikværingen med Halvor Tjønn og Hilde R. Johansen

Nynorsk motivasjonsdag
Åse Hermundstad Sanner har vore sentral i arbeidet med nynorsk motivasjonsdag, som i 2018 blei skipa til på Det norske teateret 17. oktober 2018. Dagen var eit samarbeid mellom Oslo Mållag, Vikværingen, Lærarmållaget, og Bærum Mållag, med stønad frå Noregs Mållag sentralt og Utdanningsetaten i Oslo. Målgruppa var ungdomssteget og den vidaregåande skulen. Dagen blei ein stor suksess med 130 deltakande lærarar.

Aktiviteten i laget
Gjennom vår- og haustsemestra 2018 har laget skipa til seks opne møte som alle har vore godt besøkte:

7. februar: 
Marta Norheim med Røff guide til den norske samtidslitteraturen. Møteleiar: Per Ivar Vaagland

13. mars: 
Tone Ringen om A.O. Vinje. 
Møteleiar: Halvor Tjønn

3. mai: 
Jan Inge Sørbø om Det nynorske diktet. 
Møteleiar: Per Ivar Vaagland

24. september: 
Nordisk språkforståing - må vi ty til engelsk? 
I samarbeid med Foreningen Norden o.fl. Paneldebatt med deltakarar frå alle dei nordiske landa, inkl. den islandske ambassadøren til Noreg. 
Møteleiar: Idun Stokka

8. oktober: 
Helene Uri om Kvinner, menn og språk, og boka Hvem sa Hva? 
Møteleiar: Per Ivar Vaagland

22. november: 
Sveinung Rotevatn og Asle Toje: Norsk språk og kultur - liv laga?
Møteleiar: Halvor Tjønn

Meir info. ligg på nettsida vår.

Viktig for laget, og ikkje minst for styret, har vore det gode samarbeidet me har hatt med Bekkestua bibliotek og særskilt Lasse Christensen der.

Økonomi
Økonomien i laget er god. Samanlikna med budsjettframlegget på årsmøtet i 2018 har me no eit overskot, og jamt over klarer me å få dei opne møta til å gå i balanse eller med eit lite overskot.

Utsiktene framover
Laget er inne i ein god driv med jamt høg aktivitet og ikkje minst god oppslutnad på dei opne møta. Talet på medlemmer var ved årsskiftet 92 betalande medlemer, etter ei utmelding og eitt dødsfall. 9 medlemmer har fått purring i januar på kontingenten for 2018. Målsettinga om å nå 100 medlemmer, ligg fast.

Styret for laget trur at det er ei god oppskrift å skipa til to eller tre opne møte i semesteret, der me tek opp spørsmål knytt til språk, kultur og litteratur, men òg nokre gonger kontroversielle politiske emne som kan ha samanheng med språk og kultur.

Det er også viktig at me som lag kan gje tilbod til skulen om styrking av sidemålsopplæringa, og medverke til kvalitet i undervisninga i nynorsk i Bærum og omegn. Nynorsk motivasjonsdag er eit slikt tiltak.