Makta i orda og makt over orda
Kan utluking av sensitive ord styre oss bort frå gamle fordommar?
Eller er det innhaldet i orda vi må endre?
Onsdag 21. april 2021 kl 19-21, Bekkestua bibliotek
"Ord bryt ikkje bein" heiter det i eit nordnorsk
munnhell (Rødøy). Det ligg ein visdom i det, men ord kan jo skade.
Identitetspolitikken har sett merke på språkbruken. I dag er det ikkje stuereint å bruke «n-ordet». Grunnen er at ordet blir oppfatta
som fordomsfullt ved omtale av andre menneske, og ordet i seg sjølv har vorte tabu. «Negerbollar» har vorte «kokosbollar». Pippi Langstrømpes far er ikkje lenger «negerkonge», og det er problem med å
kalle Torbjørn Egners vesle Hoa «en ekte hottentott». «Indianar» og «eskimo» står for tur.
Ord har ikkje berre ei tyding i trong meining, men også verdiar (positive eller negative) knytte
til seg. Ved å bytte ut eit ord med eit anna kan ein fri det som ordet skal nemne, frå negative assosiasjonar. I alle fall for ei stund. Om folk med fysiske handikap har ein opp gjennom åra nytta ei rekkje ulike nemningar: «krøpling»
hadde nedsetjande klang og vart erstatta med «vanfør», så følgde «ufør», så «invalid», så «funksjonshemma» og «rørslehemma». Nissen følgde med
på lasset. No talar vi helst om universell utforming.
Spørsmålet vi stiller er om språket kan hjelpe til med å endre røyndommen og skape ei betre framtid. Eller er dette eit fåfengt strev som berre er resultatet
av identitetspolitiske markeringsbehov?
Ville det vera betre å arbeide for å endre innhaldet i sensitive ord. «Homse» er i dag eit ord som for dei fleste ikkje lenger er nedsetjande på grunn av at homsane har teke
makta over ordet og gjort det til sitt. Det same gjeld ord som "skeiv" og "lesbe". I det store roman-verket Dansen gjenom skuggeheimen (1911-24) er det viktig for Kristoffer Uppdal å få fram korleis anleggsarbeidarane med opphav i
små kår gjennom politisk kamp også reint språkleg vinn ei ny slags definisjonsmakt over seg sjølve og arbeidet dei lever av. Med auka sjølvkjensle vart både "slusk" og "rallar" verdige yrkestitlar.
Problemet er altså gammalt. Det har vorte aktuelt no fordi vår generasjon har fått lære om menneskerettar og menneskeleg likeverd. Derfor har vi vorte meir vare for stigmatiserende sosiale identitetar. Men døma frå Uppdal
viser at det går an å byggje opp mennesket i staden for å bygge ned språket.
Og eit anna spørsmål: kven er det som avgjer kva ord som kan brukast, er det ein rett for dei som ordet blir brukt om? Og står
vi i fare for å skape språkleg utryggleik og «hol» i språket på grunn av tabisering av innarbeidde ord? Kva skal vi kalle "inuittar" når dei folkeslaga det er tale om ikkje sjølve er samde om nemningsbruken?