Merknader til nytt prinsipprogram

Merknader frå Bærum Mållag til framlegg  til nytt prinsipprogram

Innleiande kommentarar og merknader

Bakgrunn

Framlegget til nytt prinsipprogram for Noregs Mållag vart drøfta på årsmøtet i Bærum Mållag 20.01.20. Styret fekk fullmakt til å forme ut merknader til framlegget. Denne fråsegna er arbeidd ut etter at saka vart gjennomgått på styremøte i Bærum Mållag 29.01.20.

Innleiing

Bærum Mållag meiner at det er gjort eit stort og grundig arbeid med å få til eit tidhøveleg programframlegg, og arbeidet har ført til ideologisk skolering i målrørsla og skjerping av organisasjonen. Måten dette er gjort på fortener stor ros.

Aldri har vilkåra for både skrift og tale endra seg så mykje innanfor ein prinsipprogramperiode som på dei åra som har gått sidan siste prinsipprogrammet vart vedteke. Eit nytt prinsipprogram må spegle av dette, og viktigare og vanskelegare: det skal vera grunnlaget for målarbeidet i ei framtid som nok kjem til å by på enda større endringar både språkleg og ideologisk. Samstundes skal programmet også ta vare på det verdigrunnlaget som målrørsla er tufta på, og gjera det tidhøveleg og tydeleg. Her nedanfor kjem vi med våre merknader til framlegget.

Frå «mål» til «språk»

Bærum Mållag meiner at prinsipprogrammet må ha ein klar og truverdig analyse av språksituasjonen i Noreg som grunnlag. Til grunn for det nye framlegget ligg det ei ny forståing av stoda for nynorsken. Vi meiner at det i framlegget gjort ei naudsynt realitetsorientering. Ansen er vendt bort frå visjonar til realitetar. Nynorsk er under press. Framlegget er derfor defensivt, og statleg  vern og individuelle rettar er ei hovudsak. Dette var viktig i det gamle prinsipprogrammet og, men i framlegget blir det gjeve ny styrke ved eit terminologisk skifte som kanskje ikkje er heilt uproblematisk.  Med avgjerande implikasjonar er «mål» bytt ut med «språk». Nynorsk er ikkje ei «målform», men eit «likeverdig nasjonalspråk».

Nynorsk somk ulturbærar 

Bærum Mållag tek ikkje stode til den lingvistiske problematikken som knyter seg til dette skiftet, men vi er samde i at det er viktig å få fram at nynorsk er meir enn ein skriftnormal for norsk språk, at nynorsk er kjempa fram som eit stort kulturelt prosjekt gjennom generasjonar, at det er det eldste norske litteraturspråket og er berar av umissande kulturelle verdiar. I tråd med det terminologiske skiftet meiner vi at dette kunne komma tydelegare fram i prinsipprogrammet.

Dialektgrunnlaget

Bærum Mållag meiner at skiftet i nemningsbruken ser ut til å ha gjort ei upåkalla utskiljing av nynorsk frå dialektane. Det vil vi åtvare sterkt imot. Vi verdset ambisjonen om å ha eit spissa program med  klart og aktuelt fokus. Men prinsipprogrammet er noko anna enn eit arbeidsprogram. Det skal vise kva vi står for, verdigrunnlaget vårt, det skal vera inspirasjonen for å føre ei folkerørsle inn i ei ny tid. Å snevre inn målarbeidet til berre å gjelde skriftmålet vil vera å skjere over livsnerva for nynorsken, og det vil vera til skade for Noregs Mållag som folkerørsle. Vi meiner dette ikkje berre at der er feil, men at det også er uklokt både taktisk og strategisk.

Utfordringa frå engelsk

Ikkje berre innetter, men også utetter har omgrepsendringane skapt problem. Vernet mot utarming og domenetap mot engelsk blir no ført inn under rettigheitskravet om informasjon på nynorsk. Det blir for snevert.

Nemninga «historiske språk»

Alle levande språk er naturlegvis historiske i den tydinga at dei har ei historie. I vanleg språkbruk blir «historiske språk» difor brukt om språk som hører historia til, sumerisk, norrønt, latin,. Det kan ikkje vera meininga i framlegget til prinsipprogram. Om det er opphavleg»  som er meint, altså som i engelsk «indigenous language», “This language is from a linguistically distinct community that originated in the area”  blir det for innsnevrande pga at det knyter seg til eit landområde, og på den måten held ute jiddisch, romani, kvensk osv. Det kan heller ikkje vera meininga. Vi meiner at termen «historisk» i beste fall er uklar, og at ordet bør strykast.  Som siste setninga i avsnittet klart viser er det tale om å å sikre og styrkje utsette språk.

Konklusjon

Omgrepsendringa av «nynorsk» opnar for nye grep i målarbeidet. Her bør verdiane ved språket som tradisjonsberar og grunnlag for den litterære institusjonen komma meir fram. Og endringa må ikkje stengje for at Noregs Målag framleis skal stå i brodden for dialektarbeidet og fronte vernet av norsk mot presset frå engelsk. I tråd med dette må strukturen i framlegget endrast og det må komma til sjølvstendige punkt om dialektarbeid og kamp mot domenetap og påverknad frå engelsk. Utan dette vil Noregs Mållag som folkerørsle miste noko av legitimitetsgrunnlaget sitt og svekkje relevansen sin i høve til dei språklege og kulturelle utfordringane vi står andsynes i dag.

 

ENDRINGSFRAMLEGG

På det følgjande følgjer dei konkrete endringsframlegga vi har til den framlagde teksten til nytt prinsipprogram. 

Heile det opphavlage framlegget er med her.
Endringsframlegg og merknader frå oss er markerte med kursiv  skrift.
Strykingsfamlegg er markert med overstreking.
Tillegg av nye avsnitt eller der det er gjort så store endringar i eit avsnitt at det må gjentakast, er market med skugge.  

Endringsframlegg frå Bærum Målag
til utkastet til nytt prinsipprogram for Noregs Mållag

Føremål
Noregs Mållag skal fremje nynorsk på alle område i det norske samfunnet, slik at nynorsk blir meir brukt i heile Noreg. 

Grunnlag
Språk har ein kulturell eigenverdi som ikkje må gå tapt. Ivar Aasen bygde det nynorske skriftspråket på dei norske dialektane for å gje fleire tilgang til skriftkulturen og høve til å delta i folkestyre og samfunnsliv. Nynorsk er det daglege bruksspråket til ei stor gruppe innbyggjarar og den språklege og kulturelle arven for alle som bur i Noreg.

Grunnlag: Framlegg til endring:
Språk har ein kulturell eigenverdi som ikkje må gå tapt. Ivar Aasen bygde det nynorske skriftspråket på dei norske dialektane for å gje vanleg folk tilgang til skriftkulturen og gi dei høve til å delta i folkestyre og samfunnsliv. Nynorsk er i dag det eldste norske skriftspråket, og er utvikla til å bli eit viktig europeisk litteraturspråk. Nynorsk er ein umissande del av den språklege og kulturelle arven for alle som bur i Noreg og er i dagdet daglege bruksspråket til ei stor gruppe innbyggjarar i Noreg.

Reisinga av det nynorske skriftspråket har vore ein viktig lekk i den nasjonale og kulturelle frigjeringa og i demokratiseringa av det norske samfunnet. Nynorsk er stridd fram av ei brei folkerørsle, og jamstillingsvedtaket i 1885 og seinare reformer har gjeve nynorsk ein offisiell status som likeverdig nasjonalspråk. Dette må framleis vere det prinsipielle grunnlaget for norsk språkpolitikk.

Det er ei viktig internasjonal oppgåve å ta vare på dei mange historiske språka språka som er under press frå språk med fleire eller mektigare brukarar. Noregs Mållag ser arbeidet for nynorsk som del av ei brei internasjonal rørsle for å sikre og styrkje utsette språk.

Nynorsk skal vere eit samfunnsberande språk
Språkbruken og språkpolitikken til i staten er heilt avgjerande for språkstoda i samfunnet. Det er dei norske statsmaktene sitt ansvar som har ansvar for å sikre og styrkje nynorsk som samfunnsberande og livskraftig språk. Det må skje gjennom ein aktiv språkstyrkingspolitikk for nynorsk, som kviler på at nynorsk er jamstilt med bokmål som nasjonalspråk. 

Nynorsk må haldast ved like og styrkjast som fyrstespråk i dei områda av landet der nynorsk i dag er mykje i bruk. Vidare må staten sikre at det er like enkelt å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar i resten av landet. Fylke, kommunar, verksemder, organisasjonar og personar må ta sin del av ansvaret for å halde nynorsk i hevd i nynorskområda, og for å gjere det enklast mogleg å vere nynorskbrukar i bokmålsområda.

> Nynorskopplæringa i norsk skule skal gjere det mogleg for alle elevar å bli trygge nynorskbrukarar
Alle elevar i den norske grunnskulen har rett til opplæring på sitt eige språk gjennom heile skuleløpet. Opplæringa i nynorsk og bokmål i skulen skal vere like god. 

 

> Det er ein demokratisk rett å ha tilgang på informasjon og kunnskap på nynorsk 
Engelsk får stadig større plass innanfor norsk akademia og næringsliv. Norsk skal vere det samfunnsberande språket i Noreg, også på desse områda.

Bærum Mållag gjer framlegg om Nytt avsnitt:
> Utan norsk språk – ingen norsk kultur
Norsk er i dag under press frå engelsk, anten ved at engelsk tek over delar av vokabularet og/eller ved at engelsk tek over heile domene, som til dømes forretningsliv, underhaldningsindustri, reklame og ikkje minst akademia. Noregs Mållag vil stå aller fremst i kampen for å sikra språktap mot engelsk

> Nynorskbrukarane skal ha tilgang til all språkteknologi på eige språk
Språkbrukarane må kunne kommunisere på sitt eige språk uansett type teknologi. Det gjeld både det skrivne og det talte språket.

> Det er ein demokratisk rett å kunne bruke sitt eige talemål
Noregs Mållag forsvarer dialektane og dialektbruken mot press frå bokmål
.

Framlegg frå Bærum Mållag  om  endring av  avsnitt::
>Vern av dialektane
Dei norske dialektane er det historiske grunnlaget for nynorsken. Dialektbruk er i dag akseptert og normalt i dei fleste samanhengar, ikkje minst på grunn av arbeidet til målrørsla. Samstundes står dialektane under større press enn nokon gong før. Noregs  Mållag vil framleis arbeida for at alle fritt skal kunne nytta dialekten sin, og vil støtta arbeidet med å styrka dialektane og arbeida mot dialekttap.

 

> Noregs Mållag stør andre mindretals- og minoritetsspråkbrukarar sin kamp for språklege rettar
Noregs Mållag står solidarisk med andre språkorganisasjonar i kampen for språkmangfald i Noreg. Det gjeld særleg samisk, kvensk, romani, romanes og teiknspråk.

> Noregs Mållag er partipolitisk ubunde
Noregs Mållag kan ta stilling i einskildsaker og samarbeide med andre organisasjonar når det tener målsaka. Medlemene i Noregs Mållag legg prinsipprogrammet til grunn for arbeidet.