Nytt prinsipprogram

Framlegg til nytt prinsipprogram

Noregs Mållag skal vedta nytt prinsipprogram på landsmøtet på Sola 16. - 18. oktober 2020. Her er framlegget:

Føremål
Noregs Mållag skal fremja nynorsk på alle område i det norske samfunnet, slik at nynorsk blir meir brukt i heile Noreg. Noregs Mållag arbeider for at alle fritt skal kunne tala dialekten sin.

Grunnlag
Ivar Aasen bygde det nynorske skriftspråket på dei norske dialektane for å gje alle tilgang til skriftkulturen og høve til å ta del i folkestyre og samfunnsliv.
Nynorsk er det eldste norske skriftspråket, ein umissande del av den språklege og kulturelle arven for alle som bur i Noreg, og det daglege bruksspråket til ei stor gruppe innbyggjarar.
Det er ei viktig internasjonal oppgåve å ta vare på dei mange språka som er under press frå språk med fleire eller mektigare brukarar. Noregs Mållag ser arbeidet for nynorsk som del av ei brei internasjonal rørsle for å tryggja og styrkja utsette språk.


Samfunnsberande språk
Språkbruken og språkpolitikken til staten er heilt avgjerande for språkstoda i samfunnet. Styresmaktene har ansvar for å tryggja og styrkja nynorsk som samfunnsberande språk.
Nynorsk må haldast ved like og styrkjast i dei områda av landet der nynorsk i dag er mykje i bruk. Styresmaktene må syta for at det er like enkelt å bli, og å halda fram med å vera nynorskbrukar i heile landet.
Norsk skal halda fram med å vera det samfunnsberande språket i Noreg, også på områda der engelsk held på å ta over. Alle skal ha rett til å nytta norsk språk i norsk skule og arbeidsliv.
Vi må kunna bruka nynorsk og talespråket vårt i alle digitale samanhengar. Programvare må vera tilgjengeleg også på nynorsk. Nynorsk skal vera likestilt med bokmål i den digitale språkutviklinga.


Dugleik og fellesskap
Alle som bur i Noreg, har rett til å ta del i den nynorske språkfellesskapen. Å kunna nynorsk er ein føresetnad for fritt å kunna velja mellom nynorsk og bokmål. Alle elevane skal ha rett til fullgod opplæring i nynorsk For å kunna bli trygge i skriftspråket sitt er det viktig at nynorskelevane får høyra saman som gruppe gjennom heile grunnskulen.

Talemål
Det er ein demokratisk rett å kunna bruka sitt eige talemål. Dei norske dialektane er det historiske grunnlaget for nynorsken. Dialektbruk er akseptert og normalt i dei fleste samanhengar, men dialektmangfaldet er like fullt under press. Noregs Mållag forsvarer dialektar og dialektbruk. Noregs Mållag stør bruk av normert nynorsk tale.

Mindretalsspråk
Noregs Mållag stør mindretals- og minoritetsspråkbrukarar sin kamp for språklege rettar og står
solidarisk med andre språkorganisasjonar i kampen for språkmangfald i Noreg. Det gjeld særleg dei samiske språka, kvensk, romani, romanes og teiknspråk.

Noregs Mållag og prinsipprogrammet
Medlemene i Noregs Mållag legg prinsipprogrammet til grunn for arbeidet. Noregs Mållag er
partipolitisk ubunde, men kan ta stilling i einskildsaker og samarbeida med andre organisasjonar når det tener målsaka.