Bærum Mållag

På tapetet

Kva kan byen by på?

Toril Opsahl om språk i urbane bymiljø i og utanfor litteraturen


Tysdag 29.november kl 19.00-21.00, Bekkestua bibliotek

Inngangspengar: kr 100 inkl. kaffi og kaker


Byane er ofte drivkraft i språklege endringar. Kva kjenneteiknar språkutviklinga i multi-etniske og urbane ungdomsmiljø, og vil ho endre språket vi alle talar og skriv? Fleire forfattarar har dei siste åra komme med romanar der hovudpersonane talar det nokre vil kalle «kebabnorsk». Toril Opsahl vil gje oss døme frå litteratur og eiga forsking og drøfte kva som skjer og kvifor

Toril Opsahl er språkforskar ved MultiLing - Senter for fleirspråklegheit, Universitetet i Oslo. Ho er opptatt av talespråkvariasjon, språkmøte og fleirspråklegheit. Ho har tidlegare arbeidd ved Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur og vore redaktør/forskar ved prosjektet Norsk Ordbok 2014.