Vi er eit lokallag i Noregs Mållag

Noregs Mållag er ein demokratisk oppbygd organisasjon med 19 fylkeslag og om lag 180 lokallag i alle fylka.

Samskipnaden har 13 581 medlemer (2019). Ungdomsorganisasjonen Norsk Målungdom har om lag 1 470 medlemer (2019).

Noregs Mållag arbeider for at alle fritt skal kunne nytte dialekten sin, og for at folk i bygd og by skal velje og ta i bruk det nynorske skriftmålet. Noregs Mållag arbeider for å fremje nynorsk på alle område i det norske samfunnet.
 


 

NYTT STYRE I NOREGS MÅLLAG:

Peder Lofnes Hauge vart vald til ny leiar i Noregs Mållag på e-post-landsmøte siste helga i april 2020. Her er han omkransa av (øvst frå venstre, mot klokka): styremedlemmene Inger Johanne Sæterbakk, Kjetil Aasen, Anders Riise, Ellinor Bustad, nestleiar Synnøve Marie Sætre og styremedlem Gunnhild Skjold (vald av Norsk Målungdom). Den nye styreleiaren er fødd i 1989. Han er frå Gloppen, men bur i Bergen. Han er utdanna grunnskulelærar, men har dei siste seks åra arbeidd som politisk rådgjevar for bystyregruppa i Bergen Venstre og som rådgjevar for Erlend Horn (V) som både sosialbyråd og finansbyråd i Bergen. Han har sete i styret i Noregs mållag sidan 2016, og har vore nestleiar sidan 2018.