Vi er inne i FNs internasjonale tiår for urfolksspråk. I juni i år har Sannings- og forsoningskommisjonen levert ein stor rapport til Stortinget om fornorskingspolitikk og urett andsynes samar, kvener og norskfinnar.


Namnet på kommisjonen er henta frå Sannings-og forsoningskommisjonen i Sør-Afrika. Fleire andre land med etniske minoritetar har også arbeidd med denne kommisjonen som inspirasjon. Rapporten har fått mykje merksemd og vona er at det som er lagt fram, kan bidra til større erkjenning i storsamfunnet for dei urettane som fornorskingspolitikken har ført med seg. 


Stoda for det samiske har i tillegg vorte aktualisert av Fosen-saka. Og i Dag og Tid førte ein essayserie av
Morten A. Støksnes om det norske og det samiske til hissig debatt.


Dette er bakgrunnen for at Bærum Mållag inviterer til eit møte om stoda for det samiske i dag. Brit Øydna Fisknes, nestleiar i Bærum Mållag, gjev ein presentasjon av hovudpunkta i rapporten. Deretter blir det innlegg av Benedikte Pryneid Hansen frå Norske Samers Riksforbund og Knut Arnesen frå Nordkalottfolket og til slutt spørsmål og innlegg frå salen. Møtet blir gjennomført i samarbeid med Bekkestua bibliotek. 


Inngangspengar 100 kr inkl. kaffi og kaker og utlodding av bokpremie.