Noregs Mållag er ein demokratisk oppbygd organisasjon med 19 fylkeslag og om lag 180 lokallag i alle fylka.

Samskipnaden har 14 000 medlemer. Ungdomsorganisasjonen Norsk Målungdom har om lag 1500 medlemer.

Noregs Mållag arbeider for at alle fritt skal kunne nytte dialekten sin, og for at folk i bygd og by skal velje og ta i bruk det nynorske skriftmålet. Noregs Mållag arbeider for å fremje nynorsk på alle område i det norske samfunnet.
 

Vi er eit lokallag i Noregs Mållag