Historia om Bærum Mållag

Bakgrunn

Ivar Aasen. Teikning av Olav Rusti

Eit skriftspråk blir fødd

Skriftspråket i Noreg på 1800-talet var dansk. Først i 1907 kom dei første rettskrivingsendringane som skilde det ut  frå dansken i Danmark. Med Ivar Aasens  Prøver af Landsmaalet i Norge (1853), Norsk Grammatik (1864) og Norsk Ordbog (1873) var det skapt eit eige norsk skriftspråk, og grunnlaget var lagt for den nynorske målreisinga. Den første fasen av målreisingshistoria var litterær, det galdt å vise at språket var brukande i dikting, som religiøst språk, som journalistisk språk osv. Aasen sjølv gjekk i brodden og fekk følgje av m.a. Vinje, Garborg og Blix.. Gjennom deira innsats vart nynorsk eit litteraturspråk av fremste rang.

Jamstillingvedtaket

Men språket måtte også komma i bruk ute i samfunnet. Berre gjennom politiske vedtak kunne nynorsk sikrast plass i skole, kyrkje og forvaltning. På 1870 talet får målsaka difor eit målretta politisk innhald. Det galdt å gi nynorsk status som offisielt skriftspråk. Frå midten av 1880 talet skjer det store gjennombrotet med ei rad lover som gjev rom for nynorsken. Partiet Venstre blir her til stor framhjelp. I 1885 vart nynorsk likestilt med dansk som «Skole- og officielt Sprog», «jamstillingsvedtaket». Lærarskolelova frå 1890 gav nynorsk plass i lærarutdanninga. Folkeskolelova frå 1892 gav skolestyra rett til å velje nynorsk som opplæringsmål i folkeskolen. Og frå same året kunne kyrkjelydane bruke den nynorske salmesamlinga til Elias Blix i gudstenesta. I 1894 kom første lova på nynorsk.

Organisering av målrørsla

Lovendringane gav målrørsla nye oppgåver. Dei nyvunne rettane skulle takast i bruk. Lokale mållag vart skipa for å få innført nynorsk i skolar og i kyrkjer kringom i bygdene slik at det vart eit bruksspråk. 1890-talet blir eit difor organisasjongjennombrot for målrørsla, men først altså på det lokale planet, der oppgåvene var størst. Kring hundreårsskiftet vart det så skipa fylkesmållag, og i 1906 får målrørsla ein landsorganisasjon, Noregs Mållag.

Hovudoppgåva til Noregs Mållag var politisk. Det skulle forme ut dei politiske krava målfolket måtte setje til statsmaktene for å få full offisiell rett for nynorsk, og få dei politiske partia til å godkjenne krava og hjelpe til å få dei gjennomførte. Det praktiske målarbeidet med å få nynorsk inn i skole, kyrkje og bygdestyring skulle dei lokale mållaga greie med.

Sidemålsstil og skjerpa målstrid

Det første resultatet av arbeidet i Noregs Mållag var at det i 1907 vart fastsett at det skulle vera obligatorisk prøve i nynorsk til artium. Alle embetsfolk skulle bli i stand til å utføre embetspliktene sine på begge dei offisielle språka i landet. Same året kom den første fornorska rettskrivinga i bokmålet. Både sidemålsstilen og rettskrivingsreforma løyste ut mykje strid. Riksmålsforbundet, den første organiserte samskipnaden mot målreisinga,  vart skipa same året. Partiet Høgre var mot målstrevet og freista fåfengt å få bort sidemålsstilen. I 1912 vart statsministeren Wollert Konow,  tvinga til å gå av etter at han 28. januar heldt ein tale for målsaka for utsendingane til årsmøte i Noregs Mållag. Han sat i ei regjering av Høgre og Frisinna Venstre, og Høgre felte han. Den skjerpa målstriden gav framgang for nynorsk, og det vart oppretta mange nye lokallag. Bærum Mållag var eitt av dei.

Målsaka i Bærum

Det var ein viss grobotn i Bærum for eit mållag. Frå gammalt hadde det vore eit godt venstrelag i bygda, der m. a. medstiftaren av Noregs Mållag, Hagbart Berner, hadde vore med. Likeins var det fleire lærarar som var målfolk, Magnus Tveten, Nils Seim, Torleiv Lid, Jakob Hauso, Jørgine Hovdan, Jakob Nakling, Marta Nielsen, Styrkår Skare o. a. I Lommedalen hadde ein ungdomslaget «Lauvsprett», skipa i 1894. Hans Tasserud og Trygve T. Johnsrud var fremst i arbeidet her med god hjelp frå læraren Magnus Tveten og seinare Torleiv Lid.

Bærum vart i byrjinga av 1900-talet heimstad for ei rad gåverike akademikarar som kjempa for målreising, menn og kvinner som fekk stor innverknad innanfor kultur, politikk og samfunnsliv i Noreg.  Hausten 1910 flytta den nyutnemnde professoren i historie, Halvdan Koht og kona hans, pedagogen Karen Grude Koht, inn i Karistua på Lysaker. Denne heimen kom til å bli eit sentralpunkt for målrørsla. Koht var styremedlem i Det Norske Samlaget. I 1912 vart han styremedlem i Noregs Mållag, og frå 1921 til 1925 var han leiar. Seinare bygde ein annan professor, folkloristen Knut Liestøl, seg hus, Bjåi; på Blommenholm. Også han vart leiar av Noregs Mållag (1925-26). Ein tredje målakademikar som kom til å busette seg i Bærum, var filologen og kringkastingsmannen Olav Midttun. Han var redaktør i Syn og Segn frå 1908-1960. Akademikarane kom til å sette preg på målarbeidet i bygda, og Bærum Mållag kom til å bli kalla «professormållaget»

Karistua vart ein midtstad for målarbeidet og engasjementet gikk i arv. Fotoet er frå 1554. Frå venstre Åse Gruda Skard, Karen Grade Koht og Torild Skard. Første gong det var tre generasjonar kvinner med artium i Noreg .

Bærum Mållag blir skipa

Professor Halvdan Koht, som i 1912 gjorde opptaket til å skipa Bærums Mållag og var formann dei første fem åra. Foto frå ca. 1925

Vel ein månad etter Konows «måltale» fekk Peder Hovdan eit brev frå Halvdan Koht. Koht ville tala med han om det ikkje skulle vera råd å få til eit mållag i Bærum også. Hovdan, som budde på Stabekk, var eit heilt målkontor i seg sjølv og førte nøye statistikk over målstoda i landet. Dessutan skreiv han ei rad opplysings- og propagandaskrift. Det hadde vorte oppretta mållag i så mange bygder, og dei to vart samde om at Bærum stod for tur. Dei laga ei innbydingsliste, og Koht sende ut brev med innkalling til skipingsmøte, som vart halde i Folkets hus på Høvik 7. mars 1912.  «Vi var ikkje store flokken, vi som klemte oss i hop i det vesle forrommet til møtesalen […]. Men vi var unge og modige og såg lyst på framtida», skriv Koht i lagssoga Bærums Mållag gjennom 50 år.

Laget vart skipa med 36 medlemmer. Halvdan Koht vart vald til styreleiar. Dei andre i styret var Trygve T. Johnsrud, Lommedalen, lærar Jakob Nakling, Sandvika, Margit Sletten, Stabekk, og lærar Magnus Tveten, Høvik. Varafolk vart gartnar Erik Kleve, Sandvika, og kontorist E. Rudi, Stabekk.

Arbeidet den første tida

Eit spørsmål om demokrati og likeverd

Avisa Den 17de Mai skreiv om møtet 12. mars: «Dei tek til å vakne jamvel her kring Viki med no».

Avisa refererte frå den talen Koht heldt på møtet, der han la vekt på at målsaka var ei demokratisk og sosial sak:  «Koht minte um  at [..] i grunn og botn er målsaki ei demokratisk sak. Me vil ikkje at arbeidarane skal stå og stauka på eit mål dei ikkje råder med.»

Når det galdt oppgåvene for laget, såg nok ikkje medlemmene det som realistisk å arbeide for innføring av nynorsk som skolemål eller i kyrkjene i Bærum. Ein måtte meir samle seg om å akte på at føresegnene i skolelova om talemålet åt barna vart etterlevde. Koht peika i talen sin på at det var viktig å motivere lærarane til å få barna til å lesa nynorsk og gjera lesnad på nynorsk tilgjengeleg: «i Bærum er det so hæppeleg laga, at dei hev norsklynde og sers dugande lærarar. Norsk lesnad til borni og norske bøker i folkebok­samlingane måtte ein tenkja på.»

 Ei anna oppgåve som Koht såg for seg var arbeid med innføring av norske stadnamn i Bærum: ««So skulde ein prøve å få uppatt dei norske namni som folk enno brukar, og blir kvitt dei danske formene».

 Som i andre mållag var det og viktig å arbeide for at folk fekk meir mot til å bruke dialekten sin. «Fritt og hugheilt skal dei bera fram tankane sine på sitt eige mål», som Koht sa i talen sin. 

Dialekt, skole og fornorsking av namn

Arbeidet med å støtte dialektbruken var ei oppgåve laget tok fatt på med ein gong. Bærumsmålet var ikkje vulgærmål, men eit norsk målføre som alle andre. Det var Magnus Tveten som gjorde ein stor innsats for å vise dette. Han heldt foredrag om dialekten, og alt i 1913 hadde han ferdig skriftet «Bærumsmaalet», som Bærum Mållag gav ut same året. I skolen vart det i 1917  lovfesta at lærarane skulle lempe talemålet sitt etter målet åt elevane og hjelpe dei til å halde fast ved målføret sitt. Det stod i normalplanen alt frå 1878, men det vart ikkje alltid etterlevt, særleg ikkje i byskolar og i bynære skolar som i Bærum. Tvetens skrift var til hjelp for alle som ville fremje dialektbruken også i skolen.

Andre gjorde sitt til at det vart teke i bruk norske namneformer både for stader, gardar og bustadhus i Bærum. «Sandvika» og «Stabekk» vart vedteke i 1922, «Jar» og «Myra» i 1931.

 Koht var frå 1917-19 med i heradsstyret. Han sørga for at det vart sjølvmeldingsskjema å få på nynorsk. Det har det alltid seinare vore i Bærum så lenge dei var på papir -«endå om ein har mått spørja særskilt etter dei. For dei fekk ikkje liggja i fred», som Olav Midttun skriv i lagshistoria.

"Professormållaget"

Særdrag ved Bærum Mållag etter oppstarten

Bærum Mållag skilde seg frå starten av frå fleirparten av dei lokale mållaga ved at det var mest innflyttarar som var medlemmer. Trygve T. Johnsrud frå Lommedalen var eitt av unntaka. Han hadde skrive eit helsingsdikt til skipingsmøtet, og det vart sett ekstra pris på at det kom frå ein bæring: «Og vi fekk ein særskilt kveik av eit lystig brev på vers som kom frå bæringen Trygve T. Johnsrud i Lommedalen. For vi var innflyttarar i bygda, mest alle som var på møtet, og vi gledde oss særs for kvar ein innfødd bæring som ville vera med i arbeidet.»

 Eit anna særdrag ved laget har vore at mange «målhovdingar» har sokna til laget og mange framståande filologar. Det starta med Koht, Liestøl og Midttun. I historia vidare har nye komme til og gjort sin innsats i «professormållaget». 

Styreleiarar i Bærums Mållag 1937-1962. Frå venstre Dagfinn Mannsåker, Alv Ramnefjell, M. Fremstad, Erling Balsvik, Aasmund Midttun, Alv Nakling, Egill Bø.