JØRN ØYREHAGEN SUNDE er den fremste eksperten på Landslova av 1274. Han vart can. jur. i 1999, dr. jur. i 2007 og professor i rettshistorie same året ved Det juridiske fakultet i Bergen. Han vart i 2019 tilsett som professor i rettshistorie ved Institutt foroffentleg rett i Oslo. Sunde har hatt ei bistilling som forskar ved Nasjonalbiblioteket frå 2019. I perioden 2008-2010 var han òg professor ved Centre for Medieval Studies.

Sunde skreiv i 1998 og 1999 to rettsvitskaplege stormasteroppgåver om juridisk metode på 1700-talet, og utvikla dette temaet vidare i doktorgradsavhandlinga si frå 2007. I 2002 byrja han òg å arbeida medmellomalderrettshistorie, og har sidan 2014 leia eit prosjekt om Landslova av 1274. Mellom 2011 og 2015 arbeidde Sunde med Høgsteretts historie 1965-2015, og har sidan òg arbeidd med domstolar og rettsstat i Europa i det 21. hundreåret.Han er med i troikaen som leiar eit prosjekt om norsk politirettshistorie frå1689 til 2024, og frå 2023 leiar Sunde prosjektet DigiReg, som utforskar digital formidling av rett frå ein historisk, komparativ og metodisksynsvinkel.

Jørn Øyrehagen Sunde er ein historisk formidlar av Guds nåde. Boka om «kongen over alle kongar» er ein sann svir å lese.”
Bergens Tidende

Sunde er kjent som ein framifrå formidlar. Han har halde nesten 800 føredrag utanfor akademia, vore med å laga fire historiske utstillingar,delteke i radio- og tv-program, og skrive ei rad kronikkar og lesarinnlegg.Sunde har tre gonger fått undervisningsprisen ved Juridisk fakultet i Bergen,og fekk i 2012 Meltzer-prisen for framifrå formidling. I 2020 held han Aarebrot-førelesinga om kommunikasjonsteknologi og rettsstat i rettshistoria,og i 2023 fekk han Sarton-medaljen av universitetet i Gent for framifrå rettshistorisk forsking. 


I 2023 gav Sunde ut boka Kongen, lova og landet - Kong Magnus Lagabøter, Landslova av 1274 og det Norge han skapte (J.M. Stenersens Forlag).